Bokmelding av Kaninbyen
Boka Kaninbyen er gitt ut i 2004 av Det Norske Samlaget og er på 174 sider.
Kaninbyen er skrive av Arild Rein og er siste del i Stavangertrilogien hans som også består av bøkene Hundedagane (1998) og Grisekoret (2001). Stavangertrilogien er ment som eit bilete av Stavanger og Stavangers undergrunn frå 1970 talla og fram til 2004, perioden kor oljeindustrien endra byen og menneska. Arild Rein har også skrive lesestykke Vintercamping (2007). I 2008 var Stavanger kulturhovudstad og boka Kaninbyen ble valt som ein del av prosjektet ”Heile byen les”.
Kaninbyen er svært samfunnskritisk som lesaren får eit inntrykk av allereie når dei les helsinga til Thomas Svendsen (1954-2003)
Eg trudde dei fleste likte pengar
betre enn noko anna,
men eg har oppdaga
at dei likte øydelegging endå betre.
Bertrand Russell
Arild Rein kritiserar overklassa og måten nordmenn nå brukar pengar nærmast utan å tenkje på konsekvensar. Det er mye Rein får fram som eg er einig i, blant anna pengebruka, korleis vi har blitt så materialistiske og at det er mye vi trur vi treng som vi eigentlig ikkje treng. Eit eksempel på dette er at hovudpersonen, Jonny Roxmann, bur veldig spartansk i ei kolonihagehytte utan dusj eller do. Vi trenger ikkje så mye greier som vi trur. Et eksempel frå verkelegheita er at de fleste familiar har to bilar og eg har sjølv lagt merke til at de fleste kjørar aleine, noe som er utruleg unødvendig med tanke på miljø og pengar.
I boka følgjer vi den tidligare politimannen Jonny Roxmann. Jonny er ein samfunnskritisk mann som ikkje har noe imot å bryte lova. Han stel og leiar ut leilegheita si til prostituerte. Jonny møter ei thailandsk kvinne som heiter Kim på ein fest. Dei trener på same treningsstudio og blir eit slags kjærastepar etter at Jonny har spurt ho ut eit par gangar. Kim ser ut til å like Jonnys personligdom, at han er frampå og ikkje redd for å sei kva han meiner sjølv om det ofte er litt på grensa. Det nærmar seg gladmatfestivalen der Jonny skal selje bakte ”gourmetpoteter”. Jonny gror sine eigne potetar i kolonihagen sin og så lenge han har på seg kvit kokkehatt så trur folk han er gourmetkokk.
Jonny er lei av Stavanger og nordmenn generelt. Han bryr seg ikkje om kva folk meiner om han og det gjør at han opplevar veldig mye forskjellig på godt og vondt.
Eg liker ikkje så godt måten Arild Rein skriv på. Han brukar mye orda faen, jævla og Hæ, ”kva faen skulle folk med alle desse jævla kiloa med musklar? Hæ?” (Rein 2004, s. 122). Eg meiner det er unødvendig å bruke så mye banneord fordi det gjer at eg hugsar boka for alle banneorda og ikkje handlinga. Eg meiner dessverre at dette var ein dårleg bok fordi eg synes ikkje det skjer noe spennandes i boka. Eg synes ikkje det er spennandes å høre på ein som klagar over alt mogeleg og det blir bare dumt å banne så mye som karakteren Jonny gjør. Han har overdrive bruka banneord.
Eg kan ikkje tenkje på ein einaste del av boka eg likte, men det er nok mest på grunn av kven eg er. Eg liker ikkje nynorsk, eg liker ikkje eigentlig Stavanger og eg liker ikkje folk som klagar øve livet i staden for å gjere noe med det. Mine meiningar kan nok ikkje bli sett på som fleirtalets meiningar for eg er ikkje den typiske nordmann, sjølv om eg har det godt her osv så har aldri Stavanger eller Noreg vore steda for meg.
Derimot er det absolutt ei vellykka bok, den blei tross alt valt i prosjektet ”Heile Byen Les”, men eg gjer likevel boka terningkast 2.
Kjelder:
Boka Kaninbyen skrive av Arild Rein, utgitt av Det Norske Samlaget
Sitat tatt frå side 122 boka Kaninbyen
- Nettsiå http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein ukjent kjelde, sist endret 17. sep 2010 kl. 11:31.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar